
Treningskamp mot Volda
Hødd møter Volda til treningskamp på Høddvoll laurdag kl. 14.00!
Då er det klart for ny treningskamp for A-lag herrer når Hødd tek i mot Volda til kamp på Høddvoll laurdag. Dette siste treningskamp på heimebane før seriestart.
Det blir speakerteneste. Gratis inngang på kampen.
VOLDA
Volda hadde ein god sesong i Norsk Tipping-ligaen i fjor og enda til slutt på ein 10. plass og med god margin ned til nedrykksplass. Laget vart i fjor leia av Lars-Petter Rønnestad, men etter han gav seg har Volda henta inn ny trenar. Inn som ny hovudtrenar har Fannar Berg Gunnólfsson kome. Laget får i år besøk av Hødd 2, og vi gler oss til lokaloppgjera mellom laga.
Volda har jobba godt i vinter med å forsterke laget og ut frå det vi kan finne ut på Volda sine sider er desse spelarane henta inn:
Simen Sylte Bellen, Gunnólfur Björgvin Guðlaugsson, Birkir Por Gudmundsson.
Laget har også mista ein viktig brikke og toppskorar Knut Erik Myklebust som meldte overgang til Brodd i februar. Det skal derfor bli spanande å sjå om dei har klart å erstatte Myklebust.
Resultata i treningskampane i vinter har også vore gode:
*Dette er er dei kampane i vinter som vi kan finne informasjon om. Det kan derfor vere at laget har spelt fleire treningskampar.
HØDD
Hødd har prestert godt i vinter mot gode motstandarar, og no sist mot Ranheim, spesielt i første omgang skulle ein ikkje tru at Ranheim var i ein divisjon over. Her var det kanskje årsbeste av Hødd så langt i vinter. No ventar Volda laurdag, før laget spelar generalprøve mot Øygarden neste helg i Sogndal.
SESONGKORT 2022
Har du ikkje sikra deg sesongkort enda?
Kjøp sesongkort her!
Vi håpar å sjå deg på Høddvoll laurdag!