
Treningskamp mot Brattvåg
Hødd møter Brattvåg til treningskamp på Høddvoll fredag kl. 17.00!
Då er det klart for ny treningskamp for A-lag herrer når Hødd tek i mot Brattvåg til kamp på Høddvoll fredag. Dette årets første treningskamp på heimebane!
Det blir open kiosk og speakerteneste. Gratis inngang på kampen.
TRENINGSKAMPAR BRATTVÅG
AaFK - Brattvåg 4-1
Divisjonskollega Brattvåg har spelt ein treningskamp hittil i oppkøyringa mot AaFK og der tapte dei 4-1. Laget skulle også spele sin andre treningskamp mot Molde FK, men den vart avlyst.
TRENINGSKAMPAR HØDD
Hødd har gjennomført to kampar i vinter og er no klar for å ta fatt på den tredje treningskampen i oppkøyringa når Brattvåg gjestar Høddvoll fredag.
Les kva Vikebladet skriv om kampen her!(+ sak)