Trenarteam og støtteapparat A-lag damer

Dette er trenarteamet til A-lag damer i 2022!

I den siste tida har det blitt jobba godt med å lande trenarteam og støtteapparat til A-lag damer. Etter Joakim Wrele takka for seg etter sesongen har det blitt jobba med å få på plass ein ny assistent til Ronny Osnes.

Dette er trenarteamet og støtteappratet

Ronny kom inn som hovudtrenar for damelaget i forkant av 2021-sesongen og vil halde fram i denne rolla også i 2022. Han får med seg Henning Nygård som assistent og Mads Pedersen som keepertrenar. '

I tillegg er Ingrid Beate Smådal Hide tilsett som ny toppspelarutviklar på jente- og damesida. Ho vert også ny hovudtrenar for rekrutt damer.

Eit godt trenarteam som vil sørge for at damelaget kan fortsette den gode utviklinga som dei har hatt dei siste åra. 

I støtteapparatet vil Anja Ertesvåg halde fram i rolla som lagleiar. 

Laget har første trening torsdag 20. januar kl. 19.30. Kom gjerne innom å sjå når laget starta oppkøyringa til ny sesong i 2022!

Vi ønsker trenarteam, støtteapparat og spelarar lykke til med oppkøyringa til ny sesong!

Annonse: