
Trenarforum med Hugo Pereira
Torsdag 28. august arrangerer Møreakademiet trenarforum med Hugo Pereira. Møreakademiet
Hugo jobbar i dag i Norsk Toppfotball og er Hødd sin rettleiar i NTF si akademiklassifisering og har lang erfaring innan fotballen både nasjonalt og internasjonalt.
Hugo vil køyre ei demoøkt på Høddvoll med fokus på ei spelbasert tilnærming med Hødd sitt G14 lag som objekt.
Vi håpar mange trenarar og andre interesserte både internt i Hødd og frå andre klubbar vil ta turen.
Dette forumet passar best for alle som jobbar i aldersgruppa 12-16 år.
Påmelding på mail til [email protected] innan måndag 25. august.