Tredje yngst i Toppfotballen
Hødd har denne sesongen hatt det tredje yngste laget av dei 32 klubbane i toppfotballen i Noreg. Toppfotball
Gjennomsnittsalderen på Hødd-laget brukt i OBOS-ligaen har vore på 22,96 år. Berre Moss (22,85) og Mjøndalen (22,60) har ein lågare gjennomsnittsalder. Lillestrøm som vann OBOS-ligaen hadde ein gjennomsnittsalder på 26,47 år.
I tillegg publiserer vi Bøe´s XI, altså dei mest brukte spelarane Marius Bøe har brukt i dei forskjellige posisjonane dei siste to åra.
Som vi ser er seks av dei frå Hareidlandet. Inkludert fem som har gått gradene i klubben.
