
Tre viktige poeng til Hødd 3
Hødd 3 tok tre viktige poeng borte i toppkampen mot Hasundgot i 6. divisjon avd. 3 onsdag kveld!
Det unge Hødd-laget måtte vinne den tøffe bortekampen i lokaloppgjeret mot Hasundgot for å få heng på serieleiaren. Med 3 poeng i sekken er no Hødd 3 kun 1 poeng bak og er for fullt med i opprykkskampen til 5. divisjon.
Laget visste kva som møtte dei når dei gjesta Hasundgot stadion og var derfor godt førebudd på korleis heimelaget ville angripe kampen.
Hødd 3 spelte mykje ball langs bakken og hadde stort ballinnhav, mens heimelaget var farlege ved lange oppspel mot fysisk sterke spissar. I tillegg skapte Hasundgot ein ein del farligheiter på dødball.
Første omgang var prega av få sjansar frå begge lag, men Hødd 3 var effektive og satte inn 0-1 etter skoring av Håkon Otterlei Fjørtoft. Den tidlegare Hasundgot-spelaren gjorde ingen feil i avslutninga og satte ballen enkelt i mål ved eit innlegg.
I andre omgang opna kampen seg meir opp. Heimelaget måtte lenger fram i bana for å presse på for skoring, men Hødd 3 spelte klokt i perioder og holdt mykje ballen i laget. Hasundgot skulle få sine sjansar og var nære ved to-tre situasjonar, men heroisk forsvarsspel og ein god keeper i Joakim Ulstein hindra skoring til heimelaget.
Med eit heimelag som sto høgre i bana vart det også kontringsrom for Hødd 3, men dessverre vart siste pasninga for unøyaktig.
Kampen ebba ut i 0-1 til Hødd 3 og det unge Hødd-laget kunne juble for siger i ein svært viktig toppkamp i lokaloppgjeret mot Hasundgot!
Godt fornøgd trenar
- Det som er gledeleg i dag er at vi treff godt på tenningsnivået og kampplanen. Vi spelar klokt i perioder og står godt i mot i duellspelet. Hasundgot er farlege når dei slår langt mot sine fysiske spissar og ved dødballsituasjonane. Gutane skal ha honnør i dag for at vi tek duellspelet frå første spark på ball og sett oss i respekt. Ein skikkeleg lagsiger! Sjølv om vi gir frå oss ballen enkelt ved enkelte situasjonar, noko som skaper målsjansar for Hasundgot, så er energien og gjenvinninga svært god i dag.
- No ventar nok ein tøff bortekamp mot Vanylven FK måndag og vi skal førebu oss godt til denne kampen. Med siger vil vi sette press på resten av laga i avdelinga. Vi reiser til Vanylven for å ta 3 poeng!, seier Hødd 3 trenar, André Aurvåg Gardshol.
Laget (4-2-3-1):
Joakim Ulstein, Sondre Gjerdsbakk, Ola Heltne Nilsen, Stian Pedersen, Håkon Thormodsæter, Jakob Sætrenes, Nicolai Vik, Johannes Meinseth, Kristian Vatsaas, Sander Michael Ringstad, Håkon Otterei Fjørtoft.
Andreas Grimstad, Nedim Mujic og Richard Moldskred Hasund starta på benken, men alle tre vart involvert løpet av kampen.
Vi gratulerer laget med sigeren og takkar samtidig Hasundgot for kampen.