Tre strake for Hødd 2
Hødd 2 tok sin tredje strake siger i bortekampen mot Rollon måndag kveld. Laget står no med full pott etter tre serierunder og er serieleiar i 4. divisjon.
Måndag kveld tok Hødd 2 turen til Larsgården for årets tredje seriekamp mot Rollon.
1. omgang
Kampen opna med eit overtak frå bortelaget - som gjekk igjen gjennom heile kampen. Overtaket resulterte i ei tidleg 1-0-scoring frå distanse ved Sondre Beite. Eit kanonskot frå 20 meter! Like etterpå kunne Magnus Myklebust auka leiinga til 2-0 åleine med keeper, men forsøket blei avverga. I staden skulle Rollon utlikne til 1-1: Eit mål Hødd 2 bokstavelig talt gav bort.
Nokre minutt etter utlikninga hadde Rollon ein kjempesjanse til å gå opp i 2-1, men heldigvis for Hødd 2 gjekk forsøket over. I staden for at vertane gjekk opp i leiinga, var det Hødd 2 som gjor akkurat dét. Målet kom på ein glimrande overgang, etter ein corner til Rollon. Sondre Beite drog seg vakkert inn i 16-meteren og kombinerte flott med Magnus Myklebust. Spissen sette ballen sikkert i mål og 2-1 var eit faktum. Resultatet stod seg til pause - trass i eit tverrleggartreff av Rollon fem minutt før kvilen.
Pause
Det var eit høgt tempo i første omgang. Spelarane på begge lag var aggressive og intense i presset på ei lita og utslitt bane, og det gav kvar enkelt spelar lite tid og rom med ballen.
2. omgang
Andre omgang opna med Hødd-dominans, men det var sjansefattig. Det var knapt ein målsjanse inntil det 65. speleminutt, når Magnus Myklebust sette inn sitt andre mål for dagen på eit flott skot frå distanse. Om lag 15 minutt seinare fastsette samme mann sluttresultatet til 4-1 med eit godt skot i lengste kryss frå 12-13 meter.
Vi utnyttar sjansane våre
- "Vi er sjølvsagt fornøgde med å vinne med tre mål borte mot Rollon. Det er eit godt heimelag, på eit utfordrande underlag, og Rollon er gode på sitt spel. Men eg synes vi står bra imot det dei har å komme med, samtidig som vi utnyttar sjansane våre på ein god måte", seier trenar Sander Nyland i ein kort kommentar etter kampen.
Neste kamp for Hødd 2 er heime mot Norborg komande fredag kl. 18.30.