Trace Akino Murray klar for Hødd

Trace Akino Murray har signert ei kontrakt med Hødd ut 2024-sesongen!

Trace har nylig erfaring fra Eliteserien der han i 2023 starta 6 kamper og var involvert i totalt 17 kamper.

Trace var med å rykke opp med Grorud frå PostNord-ligaen til OBOS-ligaen i 2019. Så han veit kva PostNord-ligaen handla om.  Etter det har han representert både Grorud og Kongsvinger i OBOS, før turen gjekk vidare til Eliteserien og AaFK.

Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:

-Eg hadde gleda med å bli kjend med Trace i AaFK. Eg kalla han den fødde miljøterapeut. Han er enormt flink med folk, gode menneskelege verdiar, noko som vi i Hødd er opptatt av, han er ein lagspelar som alltid set laget først.

-Som spelar er han ein kraftfull offensiv vingback, hurtig og har gode basisferdigheiter. Ein styrke er at Trace også kan operere på begge sider. Dette gir oss enda større dekning defensivt.

-Det å få Trace med på laget, med sine kvalitetar både på og utanfor bana gjer at vi får ein erfaren spelar som kan være med å vidareutvikle det konseptet og prosjektet vi no har starta. Vi har mange unge lovande spelarar i troppen vår, slik skal det vere her på Høddvoll, men desto viktigare er det å ha referanse spelarar. Vi har allereie nokre, men fleire gir oss enda større moglegheit for å lukkast. Trace kjem til å jobbe steinhardt for å utvikle seg sjølv, og andre. Derfor er denne signeringa ekstremt viktig for miljøet vårt.

Trace seier dette i ein kommentar:

- Det er fleire grunnar til at eg valte å kome til Hødd. Først og fremst så er det ein flotte klubb med ein dekorativ historie som ein gjerne ville bli ein del av. Det andre er min kjennskap til Marius og det han står for samt det prosjektet han har lagt fram. Det tredje er at ein framleis ønskjer å utvikle seg og ta nye steg som spelar, og med dei forutsetningane som ligg til rette i Hødd, så var det noko som verkeleg frista. 

- Som spelar og person ønskjer eg å bidra til at ein tek nye steg både på og utanfor bana. Eg er ein person som vil løfte andre og sjå andre lukkast. Som spelar er eg ein moderne og tilpasningsdyktig back, eg er komfortabel i 1v1 situasjonar både offensivt og defensivt.

- Eg gleda meg til å bli betre kjend med nye lagkameratar, klubben, supporterar, og ta fatt på nye utfordringar i 2024 som Hødd spelar. 

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- Ein rutinert spelar med referansar frå OBOS-ligaen og Eliteserien. Ein heil ved fyr som kan bekle alle roller i bakre ledd. Ein taktisk god spelar som vil gjere dei rundt han betre. Vi ønskjer Trace velkomen til Høddvoll!

Vi ønskjer Trace velkomen til Hødd!

Annonse: