
Torbjørn klar for tre nye år i Hødd-drakta
Torbjørn Kallevåg har signert ei ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2028-sesongen! Toppfotball
Kallevåg signerte igjen for klubben i forkant av 2023-sesongen, og har vore ein viktig spelar og leiarskikkelse i gruppa etter at han kom tilbake til Hødd.
Etter ein god dialog med klubben vil Kallevåg fortsette i blått dei neste tre åra.
Hovudtrenar Marius Bøe er strålande fornøgde med å få med Kallevåg vidare!
- Torbjørn har vakse seg inn i rolla som klubbkaptein, og leiar den unge gruppa vår på ein strålande måte. Med sine kvalitetar og erfaringar er han også ein spelar som går framfor i kamp og på treningsfeltet. Ekstremt fornøgd med at Kallevåg er med vidare i blått.
Torbjørn ønsker vere med på den vidare utviklinga.
- Eg er utruleg glad og stolt over å signere ny kontrakt med det som er blitt klubben i mitt hjarte. Eg trivst veldig godt blant heile gjengen og synst vi har noko spennande på gong. Vi jobba hardt i kvardagen og eg gler meg til å vere med på den vidare utviklinga.
- Eg vil også nytte anledninga til å takke Stine og familien min for at dei er støttande og let meg halde på med det kjekkaste eg veit.
Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist ser fram til å fortsette samarbeidet.
- Torbjørn har blitt ein lokal spelar som både på og utanfor bana er ekstremt viktig for oss og vi er derfor veldige glade for at Torbjørn er med oss vidare! Når vi bygger framtidas Hødd vil Torbjørn med si erfaring og kvalitet gi referansar på toppfotball i både trening og kamp. Vi gler oss til vidare samarbeid!
Vi gratulerer vår Hødd-kaptein med ny kontrakt!