Toppkamp mot Ullensaker/Kisa!

Etter ein kort ferie er Hødd klar for toppkamp mot Ullensaker/Kisa søndag!

Ferien er over for Hødd-laget, nye poeng skal kjempast om utover hausten og allereie søndag får du første godbiten når Ull/Kisa kjem på besøk til Høddvoll. Eit skikkeleg toppoppgjer! 

Kampstart 13.00!

KJØP KAMBILLETT HER!

 

HØDD

Hødd har gjennomført ein god vårsesong og er med å kjempar om opprykk til OBOS-ligaen. Berre søndagens motstandar er framfor Hødd på tabellen.

Etter ein kort ferie har Hødd gjennomført ei god oppkøyring til haustsesongen med gode treningsøkter. Førre helg spelte også Hødd treningskamp mot Brattvåg på Høddvoll og den kampen enda med 3-2 siger til Hødd.

Dette seier hovudtrenar Joakim Dragsten før kampen mot Ull/Kisa:

- Vi gleda oss til toppkamp på Høddvoll! Kisa har vist god form inn mot sommaren, og har ein evne til å vippe jamne kampar i sin favør. Dei har behalde mesteparten av spelarane som rykka ned frå OBOS-ligaen i fjor, og har derfor ein sterk tropp i PostNord-ligaen.

- Men vi er godt førebudde, har hatt masse energi på øktene denne veka, og skal gi alt for å ta 3 poeng i morgon! Håper flest mogleg møter på stadion for å støtte laget i ein tøff kamp.

ULLENSAKER/KISA

Foto: ullkisafotball.no
Foto: ullkisafotball.no

Ullensaker/Kisa er serieleiar før dei gjestar Høddvoll og er det laget som har scora flest mål i årets sesong.

Laget har fleire strengar å spele på offensivt og spesielt toppscorar Sondre Sørlokk er ein spelar Hødd må sjå opp for i morgondagens kamp.

Ull/Kisa spelte mandag treningskamp mot Eliteserielaget HamKam og vann den kampen heile 4-0 på Briskeby stadion.

*Til info stilte HamKam her med ei blanda lag beståande av spelarar frå A-laget og juniorlaget.

Lagets hovudtrenar er Steffen Landro og han sa dette etter treningskampen mot HamKam:

VURDERING AV KAMPEN

Som sagt er det eit sterkt offensivt lag som står på motsatt halvdel søndag, men samtidig har dette Ull/Kisa-laget sleppt inn ein del mål meir enn Hødd-laget. 
 
Klarer Hødd å stoppe det Ull/Kisa kjem med offensivt, og samtidig utnytta den defensive svakheita til bortelaget, så trur vi Hødd tek alle 3 poenga i toppoppgjeret søndag!
 

SLIK SER DU KAMPEN

Vi oppmoda alle med blått hjerte 💙 om å møte opp på Høddvoll søndag for å støtte dei blålkvite. Til fleire som er der, til bedre stemning blir det!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å kome på kampen (*krever abonnement).

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Ullensaker/Kisa!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2022 AVD. 2

  • HØDD - ULLENSAKER/KISA

  • HØDDVOLL

  • 24.07.2022 KL. 13:00

Annonse: