Tøff utfordring i første serierunde

Hødd 2 spelar årets første seriekamp i Norsk Tipping-ligaen søndag når laget møter Florø borte. Eit lag Hødd spelte mot i 2021 i PostNord-ligaen. Kampstart 16.00!

Vi har i dag tatt oss ein prat med hovudtrenar for rekruttlaget, August Nyland.

Du kom frå Molde FK i vinter og har brukt vinteren godt med å førebu laget til seriestart? Korleis har oppkøyringa vore?

- Oppkøyringa har vore veldig varierande. Vi har ikkje fått ein maksimal oppkøyring med tanke på å jobbe med lag og struktur, men vi føler derimot at vi har lagt til rette for maks utvikling innanfor rammene for alle spelarane i stallen.

Føler du laget er klar til seriestart?

- Ja, på mange vis. Det med den største tryggheta om at vi jobba med gode fotballspelarar. Det er slik i ein 2. lags-setting at ein har varierte tropper frå kamp til kamp, men vi er samla som klubb veldig klar for å ta utfordringa med begge hender!

Florø i serieopninga. Kva tankar gjer du deg rundt denne kampen?

- Florø kjem frå PostNord-ligaen, og kjem til å gi oss ein artig utfordring. Vi møter dei på gras no tidleg på året, som gir våre gutar nokre utfordringar på måten å spele på, duellspel og så vidare som vi er veldig klar på. Samtidig er vi mest opptatt av å  vere oss sjølve gjennom kampar og gjennom sesongen, ein skal kjenne igjen eit Hødd rekruttlag når ein ser det!

Har du alle spelarane tilgjengelig til kampen?

Ja! 

SLIK SER DU KAMPEN PÅ TV

 
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (*krever abonnement).
 
Vi ønsker laget lykke til i serieopninga mot Florø!
Annonse: