
Tøff test mot ein av opprykksfavorittane
Laurdag spelar A-lag herre treningskamp borte mot Kristiansund BK på Kristiansund Stadion. Kampstart kl. 14.00!
Hødd
A-lag herre har spelt tre treningskampar så langt i år og har gjort sine sakar bra, spesielt defensivt i store perioder har laget sett veldig bra ut. Det viser at den defensive tryggheita frå fjoråret er der og det lovar godt før møtet med ein av opprykksfavorittane i OBOS-ligaen.
Hovudtrenar Joachim seier dette før kampen mot Kristiansund BK.
- Vi forventa ein knalltøff kamp idag mot den store opprykksfavoritten i årets OBOS-liga! Vi er på plass og klare for å gi alt, og få ein god gjennomkjøring.
Kristiansund BK
KBK har også spelt tre treningskampar i år mot Åsane, Træff og Brattvåg. I alle tre kampane har laget frå Nordmøre vunne.
Laget klarte nesten å berge plassen i Eliteserien i fjor, men måtte til slutt ta den tøffe vegen ned igjen til OBOS-ligaen. Det betyr at Hødd og Kristiansund BK er divisjonskollegaer i 2023-sesongen og det har ikkje laga vore sidan 2016!
Sjølv om det er ein treningskamp mellom laga og ingen poeng skal delast ut, så trur vi at det blir ein fartsfylt kamp mellom to gode lag.
Kampen kan du sjå på Vikebladet Vestposten eller Sunnmørsposten!
Vi ønsker laget lykke til i kampen mot KBK!