Tøff bortekamp mot Alta

Søndag spelar Hødd borte mot Alta - ein viktig kamp for begge lag når haustsesongen starta for alvor!

Etter 1-1 mot Ull/Kisa i første seriekamp etter ferien er Hødd klare for nok ein tøff kamp når laget spelar borte mot Alta.

Kampstart 13.00!

HØDD

Etter Hødd kom under mot Ull/Kisa sist, så var det ekstremt viktig å kome tilbake i kampen og få med seg 1 poeng. Det gjer at Hødd framleis har heng på den direkte opprykksplassen når haustesesongen starta for alvor søndag!

Trenarteamet har analysert kampen og laget har gjennomført ein god treningsveke i forkant av bortekampen mot Alta, og skal derfor vere klare for kamp.

Les også intervjuet med Hødd-kaptein Peder Nersveen i Vikebladet Vestposten her!

ALTA

Etter ein periode med tre kampar utan siger kom endeleg 3 poengaren igjen for Alta når laget tok ein sterk 1-3 siger over Eidsvold på Myhrer stadion sist.

Tross ein dårleg periode er laget framleis med å kjempar om dei to øvste plassane på tabellen, men då må nok Hødd slåast søndag. Med siger til Alta vil laget berre vere 3 poeng bak Hødd, med tap 9 poeng. Det er derfor ein svært viktig kamp for begge lag!

VURDERING AV KAMPEN

Dette er ein kamp som Alta må vinne for vere med å kjempe om ein topp 2 plassering. Med tap er dei mest truleg hekta av. Hødd på sin side bør unngå tap i denne kampen, men det aller beste hadde sjølvsagt vore 3 poeng - for Ull/Kisa vinn mest truleg sin kamp mot Træff.

Når laga spelte mot kvarandre i Mai, så var Hødd klart best og vann komfortabelt 2-0 etter scoring frå Jann Julin Benjaminsen og Robin Hjelmseth. Vi håpar og trur Hødd viser sin styrke igjen og viser seg som det beste laget i kampen!
 

SLIK SER DU KAMPEN

Kampen kan du sjå på Brygga Sportsbar i Ulsteinvik - møt opp i saman med andre Hødd-supporterar og bli med å støtt laget i kampen om nye 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å kome på kampen (*krever abonnement).

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Alta!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2022 AVD. 2

  • ALTA - HØDD

  • SMARTDOK ARENA

  • 31.07.2022 KL. 13:00

Annonse: