
Tilbake på vinnarsporet
Hødd tok ein fortent 2-1 siger borte mot Arendal laurdag og reiser heim til Ulsteinvik med 3 viktige poeng! Les kort kampreferat og sjå høgdepunkta frå kampen i videoen.
Hødd kom tidleg under i kampen når Arendal sin spelar Pape Pate Diouf satte inn 1-0 etter 8 min. Heimelaget fortsatte å dominere spelet i første delen av 1. omgang og kom seg til nokre brukbare sjansar som dei ikkje klarte å omsette til mål. Utover i omgangen tok Hødd meir og meir over, og det var heilt fortent når Hødd satte inn 1-1 etter ei flott heading av Eirik Haugan. Godt innlegg av Robin Hjelmeseth.
Heimelaget prøvde seg heilt i starten av 2. omgang med eit lite press, men etter dette handla kampen det meste om Hødd. Dei blåkvite fekk justert seg defensivt og sjansane som heimelaget kom seg til i 1. omgang på kantane vart heilt nøytralisert i 2. omgang. Hødd hadde mykje ball og når Markus Naglestad satte inn 1-2 til Hødd i det 73 min, så var dette fullt fortent. Andreas Breimyr fekk stå umarkert på ca. 7 meter og skuddet vart redda av keeper, men ein våken Naglestad satte returen i mål!
På slutten var Hødd nærmare 1-3 enn heimelaget skulle utlikne til 2-2. Ein svært fortent siger til Hødd og laget er no tilbake på vinnersporet!
Neste søndag kjem Skeid på besøk til Høddvoll! Ein skikkeleg toppkamp i vente.
Vi håper å sjå deg på Høddvoll neste helg!
Laget
3-5-2: Ole-Monrad Alme, Steffen Moltu, Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Preben Sætre, Joakim Wrele, Andreas Breimyr (Eirik Franke Saunes 87 min), Bendik Rise, Daniel Eid, Robin Hjelmeseth (Magnus Myklebust 74 min), Joachim Osvold (Markus Naglestad 66 min).