Tidenes billettslepp torsdag

Bli med på tidenes seriestart når sesongen sparkast i gong 10. april!

I morgon blir alle billettar for dei to første serierundane i OBOS-ligaen lagt ut for sal.

Vår første heimekamp vert spelt måndag 10. april mot Raufoss. Billettene til den kampen vert slept på TicketCo, i morgon, 23. mars kl. 12:00!

Sesongkortsalet går veldig bra og vi er derfor godt i rute til seriestart!
Mange av klubbane kan melde om ein auke på tosifra prosent. Totalt sett i Norge har rundt 50.000 sesongkort blitt selde i år fordelt på Eliteserien og OBOS-ligaen.

Det er med andre ord duka for fulle tribunar og fantastisk stemning – og festen starta når billettane vert slept i morgon kl. 12.00.

Billettpris kr. 50,- på heile stadion i serieopninga.

 

KJØP BILLETT HER FRÅ KL. 12.00!

Få tilbod på TV2 Play Total

Alle som kjøper sesongkort eller billett før første serierunde, vil få tilbod om TV2 Play Total til ein redusert pris ut 2023. Rabatten er kr.100,-, og månadsabonnementet vil då koste kr.299,-. Dette ligg no inne i vårt billettsystem, slik at tilbodet vil dukke opp under kjøpsprosessen.

Husk at tilbodet berre gjelder fram til 10.april!

Kjøp sesongkort

Sesongkortsalet går veldig bra, og vi er godt i rute til seriestart. Målet er å selje 100-150 sesongkort til før seriestart, då nærma vi oss 1000 selde kort! Det er ein auke på rundt 300 kort samanlikna med fjoråret. Interessa er derfor stor før combacket i OBOS-ligaen.

KJØP SESONGKORT HER!

 

Annonse: