Thomas Kinn til Hødd
Seriemeisteren frå i fjor har signert eitårsavtale med dei blåkvite! Toppfotball
Keeperen spelte sju kampar i Eliteserien for Viking i fjor vår, før han seinare i sesongen gjekk vidare til den finske eliteserieklubben AC Oulu.
27-åringen starta karriera i Vard Haugesund, før han seinare spelte tre sesongar i OBOS-ligaen for Mjøndalen. Foran fjorårssesongen vart han henta til Viking.
Sportssjef Jesper Törnqvist er godt nøgd med å få avtalen på plass:
- Vi har som kjent vore på jakt etter ein keeper til i stallen etter at vi signerte Aksel, og er difor svært nøgde med å ha signert Thomas Kinn. Thomas kjem med solid erfaring frå mange kampar i OBOS-ligaen og på høgare nivå, og er ein moderne keeper med gode ferdigheiter både med beina og i feltarbeidet. Han er ein leiar – både på og utanfor bana – og vil passe svært godt inn i Hødd-miljøet og utviklinga vi saman skal ha framover. Velkomen til Hødd!
Thomas seier han skal gi alt i Hødd-drakta:
- Eg gler meg veldig til å bli kjend med Felt Blå, gutane og området. Eg håpar sesongen som kjem kan skape gode minne for store og små – eg skal gi alt eg har for denne bygda!