Thomas Kinn reiser vidare

Etter éin sesong i Hødd er Thomas Kinn klar for nye utfordringar.

Annonse:

27-åringen kom til Hødd i slutten av februar på ein eittårskontrakt. I løpet av sesongen fekk keeperen 27 kampar i Hødd-drakta, 19 av dei i OBOS-ligaen.

Kinn kom til Hødd etter å ha blitt seriemeister med Viking i 2025. Før overgangen til Ulsteinvik hadde han også spelt for finske AC Oulu.

– Thomas kom inn på ein eittårskontrakt i starten av 2026 og har spelt mange kampar for Hødd. Han er ein god fotballspelar med mykje karakter og godt humør, som no reiser vidare. Takk for innsatsen! seier sportssjef Jesper Tørnqvist.

Thomas Kinn ønskjer også å takke for året i Hødd:

– Vil berre takke heile Ulsteinvik for ein varm velkomst. Eg har hatt eit kjekt år saman med mange flotte folk. Håpar vi har skapt nokre minne saman i år, sjølv om sesongen ikkje blei heilt slik vi ønskte til slutt. Eg er glad for å ha vore ein del av Hødd-familien. Takk for no!

Vi takkar Thomas for innsatsen i Hødd-drakta og ønskjer han lukke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: