TARE CUP 2021

Hødd inviterer til Tare Cup på Høddvoll laurdag 16. oktober for både gutar og jenter!

Turneringa skulle eigentleg gå i Sparebanken Møre Arena i november som tidlegare år, men grunna restriksjonar med antal personar i hallen samtidig, så må vi i år flytte Tare Cup til Høddvoll.  

For å sikre gode forhold uansett vær, så blir turneringa i år flytta til i oktober.  

Turneringsdato blir derfor laurdag 16. oktober.
For meir informasjon, sjå: https://tarecup.cups.nu/
 

Hødd Fotball ønsker liten og stor velkomen til fotballfest på Høddvoll. 

- Etter eit år utan Tare Cup, så gler vi oss veldig til å ta i mot barn og unge igjen til turnering på Høddvoll. Ei flott turneringa å avslutte sesongen med for laga som er med, og vi ser fram til å sjå spelarar, familie, vener og kjente på plass for å heie på laga sine under Tare Cup. Vi har plass til mange lag, så her er det berre å melde seg på, seier turneringsansvarleg André Aurvåg Gardshol i Hødd Fotball. 

Fleire hundre kampar 

Ute på anlegget vil det vere stor aktivitet frå morgon til kveld. Det vert lagt opp til 3-ar, 5-ar, 7-ar og 9-ar fotball. Kamptida vil variere for enkelte årsklasser, men alle lag vil få minimum 3 kampar. For 6- og 7-åringane vil det verte lagt opp til minimum 5 kampar og alle desse kampane går i Ulsmohallen for å sikre gode forhold uansett vær. Mellom kampane kan spelarar og tilskodarar kjøpe seg varmmat i storsalen på Høddvollhuset, eller kjøpe seg mat og drikke i ein av kioskane på anlegget. Det ligger derfor til rette for ein spennande dag.

Ei viktig inntektskjelde for klubben 

Hødd har over 20 år arrangert Tare Cup i Ålesund på hausten for aldersgruppa 6-12 år og dette med stor suksess. I tillegg til Generalsponsor Sparebanken Møre sitt bidrag er Tare Cup er den største inntektskjelda til Hødd si breiddeavdeling. 

- Utan foreldre og den store frivilligheita i klubben ville vi aldri kunne gjennomført Tare Cup år etter år. Rundt 150 foreldre og frivillige er i aksjon under turneringa og klubben er svært takksame for den fantastiske innsatsen desse legg ned under Tare Cup kvart år. Gjennomføringa av Tare Cup er med på å halde eit høgt og godt aktivitetsnivå på anlegget vårt året gjennom, og samtidig som vi kan halde treningsavgiftene lave, seier dagleg leiar Per Arve Moldskred i Hødd Fotball. 

Tare ønskjer velkomen til fotballfest i Ulsteinvik 

- Sparebanken Møre er ein engasjert og entusiastisk generalsponsor for store og små i Hødd Fotball, og vi gler oss til at Tare kan ønskje velkomen til fotballfest i Ulsteinvik, seier Ellen Kvalsund, banksjef i Ulstein. Vi vonar på stort oppmøte og gode fellesskapsopplevingar på og utanfor fotballbana! 

Annonse: