Tap mot Nest-Sotra
Etter å ha tatt leiinga 1-0 etter tre minutt, tapte A-laget dagens kamp mot Nest-Sotra.
Første omgang var forholdsvis jamn, der Nest-Sotra hadde ballen mest, medan Hødd hadde flest sjansar. I starten av andre kjørte Nest-Sotra kampen og scora både 1-1 og 1-2. Etterkvart kom Hødd meir med, og scora også 2-2, men ei sein Nest-Sotra-scoring gjorde at kampen endte 2-3.
Hødd fekk ein kjempestart på kampen då Bendik Rise svinga ein god ball inn mot Didrik Sereba. Sereba la så igjen til Torbjørn Kallevåg, som scora sikkert bak keeper Martin Sanchez Olsen. Kampen roa seg noko ut etter dette. Etter nærmare halvspelt omgang kom Nest-Sotra til både sin første og andre sjanse. Først går eit godt skot via ein Hødd-spelar og til corner, før corneren blir slått direkte ut i returrommet. Eit hardt skot blir redda av ein god Jan Lennart Urke i Hødd-målet. Like etter sjansane til Nest-Sotra kom Amani Mbedule til eit innlegg som traff ei Nest-Sotra-hand, men dommaren lot spelet gå vidare. Etter halvtimen fekk mannen med assist på det første målet, Sereba, ein god sjanse etter ei strålande pasning frå Henrik Breimyr. Avslutninga gjekk forbi keeper Sanchez Olsen, men ein Nest-Sotra-spelar fekk avverga. Omgangens siste sjanse var det også Sereba som fekk, men avslutninga, som kom etter eit langt innkast frå Rise, traff Breimyr.
Nest-Sotra opna andre omgang sterkt, og kom til fleire sjansar. Eit kvarter ut i omgangen skulle utlikninga komme. Toppscorar Alexander Dang fekk stå åleine på ti meter og scora sikkert. Fem minutt etter skulle Dang score nok ein gong. Eit innlegg frå innbyttar Erlend Larsen endte på bakerste stolpe, der Dang scora med utsida av foten. Berre to minutt etter utlikna kaptein Jesper Törnqvist, etter ein godt slått corner av Rise. Kampen jamna seg ut etter dette, men ti minutt før slutt scora Kristiansund BK-innleigde Andreas Rødsand. Eit knallhardt skot gjekk utakbart inn i Urke sitt venstre kryss.
Neste helg spelar Hødd borte mot Notodden, medan neste heimekamp er om to veker mot Vidar.
KAMPFAKTA
Hødd - Nest-Sotra 2-3 (1-0)
1-0: Torbjørn Kallevåg (3 min)
1-1: Alexander Dang (58 min)
1-2: Alexander Dang (63 min)
2-2: Jesper Törnqvist (65 min)
2-3: Andreas Rødsand (81 min)
7.runde PostNord-ligaen. Dommar: Ole-Alexander Ekeli Valen. Tilskodarar: 1264. Gule kort: Didrik Sereba, Bendik Torset, Torbjørn Kallevåg, Badr Rahhaoui og Bendik Rise, Hødd. Erlend Larsen og Akinbola Akinyemi, Nest-Sotra.
Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Martin Mork Breivik (Sondre Beite frå 66), Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Preben Sætre - Bendik Torset, Henrik Breimyr (Eirik Franke Saunes frå 83), Torbjørn Kallevåg - Bendik Rise, Amani Mbedule (Badr Rahhaoui frå 61), Didrik Sereba.
Nest-Sotra (3-4-3): Martin Sanchez Olsen - Bjarte Haugsdal, Szymon Walczak (Akinbola Akinyemi frå 46), Ståle Steen Sæthre - Marcus Stueland (Erlend Larsen frå 46), Andreas Rødsand, Gaute Vetti, Peter Nergaard - Joachim Edvardsen, Alexander Dang, Johnny Furdal (Ole Kristian Rødahl frå 85).