Tap for rekruttlaget

Rekruttlaget tapte onsdag kveld 1-2 på Høddvoll i treningskampen mot Larsnes/ Gursken.

Annonse:

Kampen opna med ei tidleg skåring av gjestane - signert tidlegare Hødd-rekrutt Karl Gerhard Bringsvor. Larsnes/ Gursken gikk til pause med stillinga 0-1. Etter spel og sjansar var dette fortent.

Etter sidebytte var det Hødd-rekruttane som stod for den første skåringa på ein overgang der ballen gjekk hurtig på få touch. Elias Flø spelte fri Håkon Brautaset i bakrom, som vidare fant prøvespelar Andreas Birgirson. Den svenske spissen runda keeper og sette ballen sikkert i mål.

Etter utlikninga hadde begge lag store målsjansar, men keeper eller forsvararar sto i vegen. Dette inntil ein corner til LGFK midtveis i 2. omgang der ballen blei heada i mål. Kampen ebba ut med 1-2 siger til LGFK - eit fortent resultat utifrå spel og sjansar.

Neste kamp for Hødd 2 er mot Volda på Høddvoll fredag 17. mars.

Annonse fra Obos-ligaen: