
Tap for Hødd mot KFUM
Etter ein god start på sesongen vart det tap 3-1 borte mot serieleiar KFUM laurdag. Les kampreferat og sjå høgdepunkt frå kampen her!
Det bar knyta stor spenning i forkant av kampen mot serieleiar KFUM. Det kunne også sjå ut som mange Hødd-supporterar hadde tatt turen til KFUM-Arena.
1. omgang
KFUM hadde mykje ball i første omgang, men det hindra ikkje Hødd i å vere farlege foran mål når dei hadde sjansen. Begge lag hadde sine sjansar, men ingen av laga makta å sette ballen i mål før pause.
2. omgang
KFUM tok tidleg leiinga i 2. omgang etter skoring av Fisnik Kastrati. Hødd utlikna like etter til 1-1. Målskorar Steffen Moltu. Ikkje lenge etter vart Moltu sendt av bana etter felling av bakerste mann. Dette gjorde at Hødd måtte gjere endringar i formasjonen, men dette hindra ikkje dei blåkvite å produsere sjansar mot KFUM-målet.
Etter 71 min kunne Hødd ha tatt leiinga etter eit fint gjennomspel til Joachim Osvold som kom heilt aleine med KFUM-keeper Anders Mattingsdal. Osvold vart felt og Hødd vart tildelt straffe. Dessverre for Hødd vart det straffebom av normalt sikre Bendik Rise. Keeperen tippa rett side og redda forsøket.
KFUM hadde mykje ball etter dette og heimelaget skulle få uttelling for det store ballinnhavet kort tid etter straffeforsøket til Hødd. Heimelaget spelte seg fint i gjennom på venstresida til Hødd og innlegget vart slått rett i ein uheldig Henrik Bremyr og i mål bak ein sjanselaus Ole Monrad Alme i Hødd-målet.
Hødd fekk aldri det store trykket mot KFUM-målet etter denne skoringa og i staden var det heimelaget som nok ein gong skulle skore fleire mål. KFUM snappa opp ballen frå ein Hødd-spelar og plutseleg var heimelaget 3 mot 1. Yannis Maxitas Moula fastsette resultatet til 3-1 til KFUM.
Kampoppsummering
Sjølv om Hødd tapte 3-1, var det aldri ein slik type kamp. Begge lag hadde sine sjansar og kampen var relativ jamn totalt sett. Hødd hadde fleire i tverrliggaren og straffeforsøket som kunne bikka kampen i bortelaget sin favør. Dessverre vart Hødd redusert til 10 mann og det gjorde ikkje jobben noko enklare. Heimelaget var meir effektive i dag og tok alle 3 poenga.
Videoen er ikke tilgjengelig.
Vi takkar KFUM for kampen og ønskjer samtidig KFUM 2 velkomen til Høddvoll søndag!