Takk for innsatsen Jonas!

Flytter på grunn av studier

Jonas B. Mathiesen kom til Hødd i vinter då Jan-Lennart vart skada, men til hausten ventar studiar enten i Kristiansand, Oslo eller Levanger. Sjølv om Jonas ikkje har vore på bana for A-laget i serie/cup, har han vore ein viktig bidragsytar i gruppa. Alltid positiv og blid, flink til å oppmuntre og du høyrer aldri noko sutring frå Jonas som alltid gir 100%. 

På torsdagens trening var det markering i garderoben med takke-tale og overlevering av drakt nr 13. Jonas fikk den grøne keeperdrakta si som "takk for innsatsen-gåve" - sjølvsagt innramma og klar til å henge på veggen som eit godt minne frå tida i Hødd. 

Vi takkar Jonas for innsatsen og ønsker han alt godt og lykke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: