Takk for innsatsen til Håvard Haanes

Håvard tok over som styreleiar ikkje lenge etter at klubben rykte ned frå Obos-ligaen hausten 2016. Dette vervet hadde Håvard til han trekte seg tidleg denne veka. Hødd ønskjer å takke Håvard for innsatsen.

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei vart tilsett av Håvard tidleg i oktober 2017. På vegne av seg sjølv og klubben takkar han den tidlegare styreleiaren:

-Først av alt vil eg rette ei stor takk til Håvard for at eg i det heile fekk jobb i Hødd Fotball. Samarbeidet med han og resten av styret var godt frå starten av. Håvard har erfaring både som bedriftsleiar og fotballmann. Såleis har eg hatt mange og gode samtalar med Håvard. Han bryr seg om Hødd og han bryr seg om folk. Dette gjorde at vi hadde felles forståing i korleis drive Hødd saman i åra framover. Det er sjølvsagt svært beklageleg at han trekkjer seg, men eg har full forståing for valet han har gjort.

Oddmund håper no at alle som er glade i Hødd ser framover og tenkjer på klubben: - Det er viktig no at vi står samla som klubb framover. Med det meiner eg heile klubben med alt frå styre, tilsette, aktive, frivillige og supportarar. Vi er ferdig med det som har vore og må sjå framover. Styret og administrasjonen er, i samarbeid med trenarar på alle nivå, godt i gong med arbeidet med ein ny strategiplan for klubben. Denne skal danne eit godt grunnlag for korleis Hødd vil sjå ut framover. Samstundes har vi utruleg mange unge og lovande spelarar både på dame- og herresida. Dette er formuen til Hødd. Den må vi forvalte så godt som råd. Dette var noko eg og Håvard snakka mykje om. Korleis vi som klubb skal klare å få fram dei aller beste, men også ta vare på dei som spelar fotball fordi kameraten gjer det.

-Til sist vil eg på vegne av Hødd takke Håvard for innsatsen for klubben for denne gong. Både gjennom tidlegare styreverv og no sist som leiar. Eg vil også ønskje alle Høddarar ei god påske. Ikkje lenge etter påske brakar det laust for både store og små på stadion. Dette er noko vi alle ser fram til, avslutter Oddmund.

Annonse fra Obos-ligaen: