Takk for innsatsen i Hødd Steinar!

Steinar takkar for seg i Hødd.

Annonse:

Steinar var onsdag innom Høddvollhuset for å takke for seg og tida han har hatt i Hødd. Med seg på turen til Ulsteinvik var også kona Cathrine og vi håper begge to fikk ei verdig avslutning med felles lunsj i lag med administrasjonen. 

Steinar flyttar no tilbake til familien i Haugesund og vi har derfor tatt eit lite intervju med han før han reiser heim.

Eit tøft val

Det har vore eit tøft val fordi at eg trivst veldig bra i Hødd og det er no det her eg har lyst å jobbe med, men så har det dessverre ikkje våre mulig å ta det steget å flytte heile familien til Ulsteinvik. Eg har vore her i 3 år og føler no at eg må prioritere familien og ungane som er i ein veldig aktiv periode og dei må få første prioriteten, seier Steinar.

Skal ta godt vare på Steinar når han kjem heim

Prosessen har våre todelt og eg har no frivillig gått med på at han kan vere her oppe og eg veit han brenne veldig for det og han er veldig flink med det han held på med. Det har vore kjekt å sjå han blomstre, men selfølgelig har det våre tøft å vere så langt borte frå han. Vi har savna han mykje, og det siste året har vi merka det, spesielt på ungane. Vi skal ta godt vare på han når han kjem heim og vi gler oss veldig til det å få ein familie igjen, seier kona Cathrine.

Tida i Hødd har våre veldig givande

Det har våre veldig givande å vere i Hødd desse åra.  Frå 2014 sesongen og den jobben som eg å Sindre gjorde i saman frå 2014-2015 der vi begge sesongane var svært nære eit opprykk til Tippeligaen var ei fin tid i lag med trenarteamet (Sindre Eid, Ronny Osnes, Frode Gjerde, Manu Torres). Det var to gode år og så vart det eit tøft år i 2016. Slik er det i fotballen og eg skulle gjerne bidrege med at Hødd sto i divisjonen, men slik vart det ikkje og det har gjort valet enda vanskeligare for meg å gi meg no. Det hadde våre enklare for meg å takke for meg om laget fortsatt spelte i OBOS-ligaen neste år, men som eg sa tidligare, så må eg prioritere familien no. Det blir vemodig å reise frå Hødd, seier Steinar. 

Tida mi i Hødd har våre fin og eg skulle ønske at eg kunne jobba her i fleire år til å bygd opp eit nytt storlag. Eg skal følge godt med laget og heldigvis er det ein del kampar sør på Vestlandet der eg kan få med meg nokre kampar. Hødd vil alltid vere i hjertet mitt, seier Steinar.

Heile familien har blitt glade i Hødd, seier Cathrine. 

Driftig miljø som får til mykje

Det er eit driftig miljø som får til mykje og det ser vi på dei fasilitetane som er her med nytt stadion, liten innandørshall og det er folk som vil få ting til. Dugnadsånden som viser seg her i forkant av kampar er heilt fantastisk og det er slike ting som eg synst er flott og det gjer at det er vanskelig for meg takke for meg i Hødd no. Det er ein del verdiar i klubben som eg sett høgt og dei verdiane finn du her i Hødd, samtidig som at det er mykje kompetanse i klubben. Det er veldig mange som bryr seg om klubben og det er viktig for lokalsamfunnet, seier Steinar. 

Ulsteinvik ein fantastisk plass

Sjølv om plassen ikkje er så stor, så har du sjø, fjell og eg som likar friluftliv, så har eg sprunge mange turar på fjellet her. Ulsteinvik er ein fantastisk fin plass og ungane har trivst svært godt når dei har våre her og vi har følt oss inkluderte i miljøet, seier Steinar. 

Sjølv om plassen ikkje er så stor, så har du sjø, fjell og eg som likar friluftliv, så har eg sprunge mange turar på fjellet her. Ulsteinvik er ein fantastisk fin plass og ungane har trivst svært godt når dei har våre her og vi har følt oss inkluderte i miljøet, seier Steinar. 

Takk for innsatsen i Hødd Steinar!

Annonse fra Obos-ligaen: