Takk for innsatsen i Hødd - Magnus

Magnus Nybakken Bruun-Hanssen flyttar heim til Bergen.

Etter to sesongar i Hødd-drakta reiser Magnus tilbake til Bergen. Han blir derfor ikkje med Hødd neste år.

- Mi tid i Hødd har vore fantastisk, og eg er veldig takknemleg for korleis klubben, laget og byen har tatt imot meg. Ting utanfor fotballen gjer at eg litt vemodig venda tilbake til Bergen.

- Det å ha vore ein del av kulturen og samhaldet i Hødd er noko eg kjem til å ta med meg vidare. Det gleda meg at eg kunne vere med å bidra til å få Hødd tilbake til OBOS-ligaen der dei høyrer heime! Klubben lever verkeleg opp til orda «liten, men stor».

- Eg er veldig stolt over å ha bere den blå drakta i to sesongar ut på Høddvoll framfor ein fantastisk gjeng med Blåsarar og Høddarar. Dei har vist ein lidenskap for klubben og laget på bana som har vore veldig motiverande å spele framfor.

- Vegen min går vidare, men fotballen er rund og kanskje vi sjåast igjen.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier klubben hadde eit stort ønske om å ha med Magnus vidare:

- Vi hadde eit stort ønske om å få med oss Magnus vidare opp i OBOS-ligaen, men no er det viktigare at Magnus er i Bergen og nær familien.

- Magnus har under dei åra han har vore her blitt ein betre fotballspelar og ikkje minst vokse enormt som person og leiar i gruppa! Tusen takk for innsatsen og lykke til vidare!

Hødd Fotball ønsker å takke Magnus for innsatsen i Hødd drakta og ønsker han lykke til vidare.

 

Annonse: