Takk for innsatsen i Hødd - Joakim

Hødd Fotball har valt å ikkje forlenge med hovudtrenar Joakim Dragsten, og vil derfor takke han for innsatsen i Hødd.

Joakim kom til Hødd i forkant av 2022-sesongen, og tok klubben rett opp igjen i OBOS-ligaen og Norsk Toppfotball første årets som hovudtrenar. Dessverre vart det ein tøff retur til toppfotballen og klubben rykka derfor ned etter tap mot Lyn over to kampar i kvalifiseringa. Etter ei totalvurdering vel ein derfor å ikkje fortsette samarbeidet.

- Vi vil takke Joakim for den jobben han har gjort som hovudtrenar for Hødd i dei to sesongane han har vore her. Opprykk i 2022, og mange jamne kampar i 2023 som dessverre enda i eit nedrykk blir fasit for Joakim sin tid i klubben, seier Sportsjef Jesper Törnqvist.

 

Annonse: