Takk for innsatsen i Hødd - Eirik

Vi ynskjer Eirik lykke til med nye utfordringar!

Etter å ha gått gradene i Hødd gjennom oppveksten, utvikla seg i klubben og etablert seg på A-laget dei siste åra, så søker Eirik Franke Saunes nye utfordringar for dei neste åra.

Eirik signerte i dag ein toårskontrakt med Bryne FK og vil derfor slutte seg til Kevin Knappens mannskap på nyåret. Med Hødd og Bryne i OBOS-ligaen, så vil Eirik bli å sjå på Høddvoll også i år, men då i den raude Bryne-drakta når laget frå Jæren kjem på besøk til Høddvoll i juni.

Eirik takkar for tida han har hatt i Hødd:
- Det er med eit tungt, blått hjarte at eg for denne gong takkar for meg. Eg er utruleg heldig som har fått lov å spele for Hødd heile livet og i tillegg fått oppleve eit opprykk saman med ein fantastisk gjeng. Hødd har vore med på å forme meg som person og det er eg evig takknemleg for. Eg har fått venar som eg kjem til å ha med meg for resten av livet.
 
- Sjølve valet om å forlate Hødd var utruleg vanskeleg. Eg har levd i trygge, gode rammer og hatt veldig gode moglegheiter for å utvikle meg i Hødd. Eg har i lengre tid kjent at eg treng nye utfordringar både på og utafor bana. Derfor har eg no tatt valet om å flytte litt på meg, oppleve litt nytt og få ein ny, spennande kvardag.
 
- Eg ynskjer å takke alle som har vore med på reisa mi til å bli den personen og fotballspelaren som eg er i dag. Det er utruleg mange kjekke og engasjerte menneskjer som jobbar i og rundt Hødd for at vi som fotballspelarar skal yte maks kvar dag og det er eg evig takknemleg for.
 
- Mi tid i Hødd har vart lenge, noko eg er veldig glad for, og no er den dessverre over. Likevel har eg har ein draum om å ein dag kunne kome tilbake å spele i Hødd-drakta igjen.
 
Sportssjef Jesper Törnqvist seier klubben hadde eit stort ønske om å ha med Eirik vidare:
- Etter å ha prøvd å forlenge avtalen allereie i starten av 2022 og i sommar, pluss gode samtalar no i vinter, så har Eirik bestemt seg for å prøve noko anna. Vi hadde eit stort ynskje om å få han med opp i OBOS-ligaen, men no var tida inne for Eirik å prøve seg ein annan plass. Ein spelar som er mykje av det Hødd skal stå for og som har satt sine spor med ikkje minst eit opprykk i 2022. På gjensyn!
 

Hødd Fotball ynskjer å takke Eirik for innsatsen i Hødd-drakta og ynskjer han lykke til vidare.

Annonse: