Takk for innsatsen i blått!

Etter sesongen er det klart for å ta farvel med fem spelarar som no går vidare til nye utfordringar.

Annonse:

Jesper Robertsen har vore ein del av Hødd dei to siste sesongane. Han kom til klubben på lån frå Tromsø før 2025-sesongen, og etter eit halvt år vart overgangen gjort permanent. På tysdagens trening vart han takka av etter to sesongar i den blå drakta.

Også fire spelarar som har vore i Hødd på lån, vart takka av. Martin Håheim-Elveseter (Sarpsborg 08), Oscar Buur (FC København), Sebastian Biller (Silkeborg) og Mathias Kaarsbo (Lyngby) avsluttar alle sine opphald i klubben.

Vi takkar alle fem for innsatsen, engasjementet og bidraga i Hødd, og ønskjer dei lukke til med nye utfordringar!

Annonse fra Obos-ligaen: