Takk for innsatsen, Daniel og Oliver!
Etter mange år i Hødd er tida no komen for å takke av dei lokale spelarane Daniel Notanes Brandal og Oliver Eliassen Aske. Toppfotball
Begge har gått gradene i Hødd-systemet og våre ein del av klubben over lang tid.
Vi vil rette ein stor takk til Daniel og Oliver for alt dei har bidrege med i Hødd. Dei har representert klubben på ein framifrå måte og vore gode lagkameratar gjennom mange sesongar.
Daniel held fram karrieren i Lørenskog, medan Oliver held fram karrieren i Lokomotiv Oslo.
Vi ønskjer begge lukke til vidare, både på fotballbana og elles, og håpar vi ser dei att på Høddvoll i framtida.
Tusen takk for innsatsen – og lukke til vidare!