Tage Johansen klar for Hødd

Tage Johansen har signert ei kontrakt med Hødd ut 2025-sesongen! Foto: Fredrikstad FK

Tage har dei siste to sesongane spelt 44 kampar i OBOS-ligaen for Fredrikstad og Skeid, der nesten 40 av kampane har vore frå start. I 2023 var han på utlån til Skeid.

Hovudtrenar Marius Bøe:

- Tage er ein ung moderne og utviklingsorientert midtstoppar, som allereie har gode erfaringar frå toppfotballen. Som type passa han perfekt inn i den profilen vi har på ein Hødd-spelar. Han er ambisiøs, utviklingsorientert og står for den treningskulturen vi ønskjer å ha her i klubben. Han har gjennom gode samtalar og besøk her i Ulsteinvik, gjort eit veldig godt inntrykk på oss alle. Ønskjer han velkomen til klubben.

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist:

- Tage er ein ung midtstoppar som allereie har spelt over 40 kampar i OBOS-ligaen. Ein moderne stoppar som er rask og god med ball samtidig som han elskar å forsvare eige mål! Ein spelar vi har følgt lenge og som gjorde eit godt inntrykk på besøk med oss i veka som var. Vi ser fram til å jobbe vidare saman for utvikling i Hødd.

Vi ønskjer Tage hjarteleg velkomen til Hødd!

Annonse: