Tage forlenger med Hødd ut 2027
Tage Johansen har i dag signert ein ny avtale med Hødd som strekkjer seg ut 2027-sesongen! Toppfotball
Hødd Fotball er glade for å kunne meddele at Tage har signert ei ny avtale med klubben ut 2027. Forsvarsspelaren har vore ein sentral del av laget sidan han kom til Ulsteinvik i forkant av 2024-sesongen, og klubben er svært nøgd med å sikre vidare kontinuitet i stallen.
– Eg trivst veldig godt her i Ulsteinvik, med ei spelargruppe som eg har stor tillit til og set stor pris på. Så eg gler meg veldig til to nye år og til å ta del i den utviklinga vi har starta, seier Tage etter signeringa.
Jesper trekkjer fram både utviklinga og betydninga Tage har hatt i laget:
– Tage har under sine to år i klubben, i likskap med laget, teke steg i utviklinga, og no skal vi halde fram reisa i lag! Han kan bekle fleire roller i forsvar og er ein viktig person i gruppa. Vi gler oss til fortsetjinga.
Med den nye avtalen på plass held Hødd fram bygginga av eit sterkt Hødd-lag for 2026-sesongen og dei komande åra!