Tabelltopp for Hødd 2
Med seks skoringar til Hødd 2 er laget tilbake på tabelltopp i 4. divisjon.
Full pott for Hødd 2
Hødd 2 fortsette den gode forma og vann komfortabelt 6-0 over Emblem måndag kveld. Laget har vunne alle kampane i årets 4. divisjon og står med 18 poeng, men har Volda som jaktar like bak seg med 16 poeng.
Delt toppskorar
Magnus Myklebust sto for tre skoringar i kampen og er delt toppskorar i avdelinga med tidligare Hødd-spelar Franjo Tepuric som til dagleg spelar i Bergsøy.
I tillegg skora Sondre Beite to mål i kampen. Det andre spelemålet i kampen var eit sjølvmål.
Laget
Ole-Monrad Alme, Bastian Myklebust Rasmussen, Eirik Haugan (60 min - Elias Martin Flø), Aleksander Kostopoulos Rekdal (46 min - Sveinung Tilseth Sæterås), Wachirawut Phudithip (55 min - Håkon Botn Brautaset), Sindre Ryttvad Kleiven (68 min - Sander Djupvik), Andreas Malde Breimyr, Isak Gabriel Skotheim (68 min - Peter Saunes Hasund), Magnus Waade Myklebust, Sondre Sandnes Beite, Bader Rahhaoui (46 min - Isak Skare Haanes).
Neste kamp for Hødd 2 er torsdag 1. juni borte mot FK Sykkylven.