Syver Skundberg Skeide klar for Bodø/Glimt

Syver Skundberg Skeide er klar for Bodø/Glimt og har skreve under på ein avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen. I avtalen blir også Syver lånt ut til Hødd i 2023-sesongen.

Sportssjef Jesper Törnqvist:

- Vi er stolte over at ein av våre eigne har signert ein avtale med kanskje Norges beste lag. Syver sin avtale med Bodø/Glimt gir masse inspirasjon og motivasjon til alle dei unge spelarane vi har i klubben. Syver har gått gradene i klubben, vore tolmodig i tyngre periodar, jobba knallhardt for framgang og bygga steg for steg.

- Det har heile tida vore ei forutsetning for ein avtale på dette tidspunktet at Syver spelar for Hødd i 2023-sesongen og det gir denne avtalen med Bodø/Glimt moglegheita til. Syver gleda seg til OBOS-ligaen med Hødd og blir ein viktig brikke for klubben i 2023. OBOS-ligaen er eit naturleg steg for Syver sin vidare utvikling og vi som klubb er ekstremt glade for at både Syver sjølv, familien og Bodø/Glimt dela denne tanken og strategien.

Annonse: