SYVER HAR SIGNERT PROFFKONTRAKT MED HØDD

Syver Skundberg Skeide (16) har signert proffkontrakt med Hødd.

Syver signerte torsdag si første proffkontrakt med Hødd. Den lokale ungguten som har gått gradene i Hødd-systemet har signert ein 3-årsavtale med klubben.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Syver har heile tida vore ein lovande spelar i Hødd og no har han også fortent signert proffkontrakt ut 2023-sesongen. I fjor ønska vi å sjå nærare på han og lèt han hospitere opp på A-laget. Det gjorde at vi ville sjå enda meir av han på nyåret, som då resulterte i ein plass i A-stallen. Gjennom oppkøyringa, om det har vore trening eller internkampar har han tatt store steg. Han har ei herleg innstilling og tilnærming til fotballen. Eit klokt og uredd fotballhaud, samtidig som han har mange av dei ferdigheitene som ein sentral spelar skal ha. Det er eit godt grunnlag for å nå langt med fotballen. At unge spelarar signerer proffkontraktar med Hødd er ei fjær i hatten til spelaren sjølv, familien, men også trenarane på utviklingsstigen og Hødd som klubb.
 
Syver er utruleg glad og stolt etter å ha signert proffkontrakt med Hødd:
- Eg er utruleg glad og stolt over å ha signert mi første proffkontrakt med Hødd. Det er eit mål eg har hatt sidan eg var ein liten gut, og er veldig takknemleg for å ha fått denne moglegheita. Målet mitt no er å fortsette å utvikle meg, og å få spele mest mogleg i år og vere med å kjempe om ein startplass. Eg gler meg til fortsette utviklinga i Hødd!
 

Vi gratulerer Syver!

Annonse: