
Sverre: -Vi skal ta tre nye poeng!
Sesongslutten nærmar seg, men forhåpentlegvis kan vi forlenge sesongen med både to og fire kampar. Første hinder er VIF 2 på måndag.
Det står att berre fire serierundar av årets PostNord-liga. Herrelaget har 2. plassen i si hule hand, men har ikkje råd til mange feilskjer med Asker jagande like bak. Sjølv om laget er i god posisjon, må det harde arbeidet framleis leggast ned.
- Vi må fortsette å jobbe på same måte som vi har gjort i heile år. Vi må ha gode treningsdagar med kvalitet og intensitet, og gå inn i kvar kamp med same innstilling, lagmoral og tru, seier Sverre Økland.
Saka held fram under bilete.q

Det kan bli mange ulike scenario i rundene som står att, men dersom Hødd tek minst 10 poeng på dei fire siste kampane så er det ingen andre som kan ta andreplassen. Kapteinen har uansett berre fokus på den komande kampen.
- Vi har fire seriekampar igjen, og vi veit at ingenting er avgjort. Det einaste vi skal tenke på er kampen mot Vålerenga 2. Sjølv om eg ikkje er speleklar, så trenar eg så og seie for fullt, og det er klart at i denne perioden av sesongen er det viktigare enn nokon gong å halde fokus på arbeidsoppgåvene. Forhåpentlegvis kan eg bidra med å halde energi, humør og kvalitet oppe på trening. Gjer ein ikkje det, møter ein seg sjølv i døra før eller sidan, seier han.
Sverre har slite litt med skader denne sesongen, blant anna to hjernerystelsar. Han har derfor ikkje vore på bana i det siste, men har likevel bidrege med det han kan både i trening og kamp. Om ting går bra framover ser vi han kanskje på bana også mot slutten av sesongen.
- Det har vore ein utfordrande sesong for min eigen del, men det er fortid no. Eg håper å kunne bidra på banen i løpet av innspurten. Å skape gode opplevingar saman med Høddvollpublikumet og lagkameratane mine har vore ein stor motivasjon dei siste månadene.
Saka held fram under bilete.

Mandag er det klart for sesongens nest siste heimekamp (i alle fall i seriespelet), mot Vålerenga sitt andrelag.
- Vålerenga 2 er eit veldig godt lag, der det både er mange unge, gode spelarar og gode spelarar fra A-laget. Vi kjem ikkje til å undervurdere dei. Dei spelar klassisk 4-3-3 og angriper med mykje folk, noko som kjem til å gi oss både utfordringar og muligheiter, men på Høddvoll skal ikkje det vere tvil om kven som bestemmer. Vi skal ta tre poeng!, meiner Sverre.
Vi håper mange vil ta turen og støtte Hødd i innspurten av sesongen. Det er no laget treng det som mest.
- Supporterane våre, med Blåsarane i spissen, fortener mykje skryt for støtta dei har gitt oss hittil. Eg håper at alle møter opp på Høddvoll også i dei to siste seriekampane. Ingenting er avgjort, så både spelarar og supporterar må gi jernet til siste slutt!
Kampen spelast mandag 19.30 på Høddvoll med flomlys og ei flott ramme rundt. Billett kan du kjøpe her.
Vi sjåast på Høddvoll.