Sverre Hjelle Økland Akademileiar og spelar i 2023-sesongen

Sverre Hjelle Økland har signert ein ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2023-sesongen.

I tillegg til å spele på A-laget blir også Sverre Akademileiar og hovudtrenar for G19 det komande året.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier klubben er glade for å få med Sverre vidare.

- Vi er veldig glade for å få med den dyktige fotballmannen Sverre med vidare. Han skal i 2023 kombinere ei større stilling i Akademiet og vere spelar på A-laget. Rutinen, kunnskapen og mykje av det vi ynskjer å stå for som klubb gjenspeilast i Sverre!

Meir informasjon om Akademiet som heilheit kjem veka etter nyttår.

Vi gratulerer Sverre med ny kontrakt og ynskjer han lykke til i rolla som Akademileiar!

Annonse: