
Supersøndag på Høddvoll
Innhaldsrike fotballkampar på Høddvoll søndag! Møreakademiet
Hødd G14 mot Emblem kl. 12.00
Hovudtrenar Lars-Petter Luton Rønnestad sitt lag møter Emblem i siste kamp før ferien og Lerum-cup. Han fortel at det har vore ein innhaldsrik og lærerik første halvdel av sesongen, og at dei har noko å bygge vidare på. Emblem ligg eitt poeng bak Hødd, så det blir nok ein jamn kamp, seier Lars-Petter.
Hødd G15 nasjonal mot Molde kl. 14.30
Christer Johansen fortel at mannskapet hans har vist god utvikling i kampane, og håpar å fortsetje utviklinga inn mot kampen mot Molde på søndag. Sist oppgjer mot Molde enda 2–2 i ein fair og god kamp, fortel Christer. Han legg han til at han ønskjer meir struktur defensivt, samtidig som laget skal balansere det med sjølvtillit og tryggleik offensivt. Med tanke på uavgjort sist, og at det no er Hødd som ligg plassen bak motstandaren frå Romsdal, er det forventa ein jamn og intens kamp. Kampen mellom blå-trøyene.
Hødd A-lag damer møter Kristiansund kl. 17.00
Inn mot kvelden er det damelaget sin tur til å halde fram sigersrekka i oppgjeret mellom Sunnmøre og Nordmøre.
Hovudtrenar Ronny Osnes delar sine tankar før kampen mot Kristiansund.
- Då har vi to kampar igjen i ei hektisk periode med 5 kampar på 20 dagar, så det seier seg sjølv at det har vore bra køyr desse dagane. No har vi KBK søndag, og dei har slått Volda borte 5-1 og spelte 1-1 mot Molde no sist onsdag. KBK er eit bra lag med eit par spelarar på sidene med X-faktor. Men vi køyrer ein kampplan som ikkje er ulik det vi har gjort i det siste, og satsar på at poenga blir igjen på Høddvoll.
- Vi har litt skader og rusk å ta omsyn til, men ikkje noko som skal hemme oss nemneverdig. Sist vann vi 4-0 heime mot Herd og gjorde ein god prestasjon. Press-spelet var godt og gjorde at vi fekk ha ballen mykje, og vi skapte fleire sjansar til å score enda fleire mål enn dei fire. Defensivt haldt vi målet reint igjen, og vi har vore solide defensivt over tid - samtidig som vi har vore mest skapande i desse kampane. Så vi er i bra flyt og form – og denne har vi planar om skal fortsette!
- Kampen mot KBK blir keeper Mille Viken sin siste heimekamp for Hødd. I alle fall i denne omgang etter planen. Til hausten flyttar ho austover for å gå på vidaregåande og spel i Stabæk. Så her mista vi ein keeper med enormt potensiale, ei god lagvenninne og ikkje minst ei fantastisk jente.
- Mille blir den niande spelaren (og den andre keeperen) frå Hødd dei siste fem sesongane har sendt vidare til lag på høgre nivå, og til toppfotballen her til lands. Dette er pr no i tråd med målsettinga til klubben, og viser at det er fullt mogleg å utvikle seg og bli gode fotballspelarar i Hødd.
- Det blir ein strålande søndag med masse fotball på Høddvoll. Så ta turen til Høddvoll søndag og få ei god dose fotball.
Heia Hødd!