Supersøndag

Søndag skal alle seniorlaga i aksjon!

KJELSÅS - HØDD

Søndag er det toppoppgjer mellom Kjelsås og Hødd på Grefsen stadion kl. 14.30!

Laurdag gjennomførte laget ei lett treningsøkt før avreise og skal vere godt førebudde til kampen mot Kjelsås søndag.

Begge laga har fått ein god start på sesongen og det blir spanande å sjå styrkeforholdet mellom laga. Kjelsås står med 8 poeng etter fire serierunder, to poeng bak Hødd som toppar avdelinga. Kjelsås spelte sist uavgjort 1-1 borte mot Ullensaker/Kisa, noko som må seiast å vere eit sterkt resultat. Høgdepunkt frå kampen kan du sjå her:


Les kva Nordre Aker Budstikke seier om kampen her!

Ullensaker/Kisa tapte laurdag heile 4-0 borte mot Gjøvik-Lyn. Det betyr at Hødd kan få ei luke på heile 6 poeng ned til Ullensaker/Kisa og 5 poeng ned til Kjelsås dersom Hødd tek med seg 3 poeng heim til Ulsteinvik. Det er tidleg i sesongen, men ei slik luke kan vere god å ha utover sesongen!

BLÅSARANE PÅ VEG

Vår 12 mann Blåsarane er på veg for å støtte laget! Vi håper også alle andre som bor i nærheita også tek turen på kamp. Bli med Blåsarane å syng med under kampen! 

BILLETTINFORMASJON

Billettpris:
Vaksne kr 120,-
Barn/honnør/student kr 60,-
Familie 2+2 kr. 250,-

 

SLIK SER DU KAMPEN PÅ TV

Vi oppmoda alle med blått hjerte 💙 som ikkje skal til Gjøvik om å møte opp på Brygga Sportsbar å sjå kampen der. Til fleire som er der, til bedre stemning blir det!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (*krever abonnement).

Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

Etter kampen vil det bli lagt ut kampreferat frå enten Vikebladet Vestposten eller Sunnmørsposten.

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Kjelsås!

HØDD - TYNSET

Damelaget starta sesongen med siger og 3 poeng i serieopninga mot Blindheim. I andre kamp vart det dessverre tap 3-2 borte mot Træff, men i følge rapportane hadde laget fortent å få med seg minst eitt poeng heim til Ulsteinvik. Slik vart det dessverre ikkje, men laget får ein ny sjanse til å kome tilbake på vinnarsporet igjen når Hødd spelar heime mot Tynset søndag kl. 14.00 på Høddvoll.

Tynset står med full pott etter tre serierunder og har berre Tiller framfor seg med betre målforskjell. Det er derfor ei tøff oppgåve som ventar Hødd søndag, men på heimebane trur vi laget kan slå godt frå seg og gi Tynset skikkeleg kamp. Kanskje kjem den andre sigeren i årets sesong søndag? 

Les kva Vikebladet Vesposten seier om kampen her!

Det blir speakerteneste og kiosk!

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Tynset!

ELVERUM - HØDD 2

Hødd 2 tok sin første siger for året i forrige seriekamp når laget slo Hønefoss heime på Høddvoll. Etter litt stang ut spesielt mot Florø og Lillehammer, så var det godt å endeleg innkassere årets første 3 poengar! Kampstart 14.00.

Laget reiste i saman med A-laget laurdag og har også gjort sine førebuingar til kampen. 

Elverum vann 5-2 borte mot Spjelkavik sist og laget er nok ein av favorittane til å rykke opp til PostNord-ligaen, tross litt varierande resultat i starten på sesongen. Sjå høgdepunkt frå kampen mellom Spjelkavik og Elverum her:


Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (*krever abonnement).

Vi ønsker Hødd 2 lykke til i kampen mot Elverum!

Annonse: