SUNNMØRSPOSTEN / VIKEBLADET VESTPOSTEN HAR SIGNERT NY HOVUDSPONSORAVTALE

Sunnmørsposten / Vikebladet Vestposten har inngått ein ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball for 2021-sesongen!

Hødd Fotball og Sunnmørsposten / Vikebladet Vestposten har blitt einige om ein avtale for 2021-sesongen. Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten har vore ein solide og trufaste støttespelarar over fleire år og vi i Hødd Fotball er særs glade for å forlengje dette samarbeidet. Sunnmørsposten sin logo vil derfor vere godt synleg på klubbkolleksjonen til topp- og breiddefotballen det neste året.

Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten:
- Hødd Fotball er ein viktig aktør i lokalsamfunnet og er kjend langt utanfor nærområdet. Klubben gjer ein stor innsats både i topp- og breiddefotballen, og er viktig som kulturberar og identietsskapande i Ulsteinsamfunnet. Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten, dei lokale mediehusa som har Hødd i sitt dekningsområde,  meiner difor det er naturleg å halde fram med å støtte Hødd Fotball. Med denne avtalen vidarefører vi eit samarbeid som har vart i mange år og det er vi fornøgde med.
 
Arild Honningsvåg
Regional salssjef, Sunnmørsposten
 
Linda Eikrem
Dagleg leiar og redaktør i Vikebladet Vestposten
 
Marknadsansvarleg Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol

- Vi ønsker å takke Sunnmørsposten og Vikebladet for ein god dialog og ryddig prosess. Hødd Fotball er særs takksame for at Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten forlenga samarbeidet med Hødd Fotball og fortsette som hovudsponsor. Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten har vore med Hødd i mange år og er viktige aktørar i lokalsamfunnet med å formidle nyheiter, sport, kultur og andre nyheitsaktuelle saker ut til innbyggjarane på Sunnmøre. Denne avtalen gjer at vi i Hødd kan fortsette å halde oppe det gode aktivitetstilbodet som vi gir i klubben. Ein solid støttespelar som vi ser fram til å samarbeide med vidare det komande året!

Hødd Fotball ønsker å takke Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten for avtalen, og ser fram til eit godt samarbeid vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: