Studio på Hødd–Sogndal: Nytt konsept på Høddvoll
Laurdag ser eit nytt konsept dagens lys på Høddvoll, når Hødd for første gong lanserer eige kampstudio i forkant av heimekampane. Toppfotball
Gjennom heile sesongen vil klubben sende direkte frå studio før kvar heimekamp. Sendinga blir vist både på storskjermen på stadion og i klubbens kanalar i sosiale medier.
Arne Flatin er programleiar for det nye satsingsområdet, og han vil få med seg gjestar og Hødd-ekspertar i kvar sending. Under treningskampen mot Sogndal denne laurdagen blir det ei prøvesending, der Flatin får med seg Geir Hasund og Andrè Nevstad i studio.
Laurdagens sending blir berre vist på storskjermen på Høddvoll. Ønskjer du å få med deg innhaldet, må du vere på stadion frå klokka 11.30. Kampstart er 12.00.
Vi sjåast på Høddvoll!