Strategiplan 2025 – 2029: Liten, men stor – saman for framtida

IL Hødd Fotball er stolte over å kunne presentere vår nye strategiplan for perioden 2025 – 2029.

Planen er eit resultat av eit breitt og inkluderande arbeid, der nesten 600 personar med hjartet i Hødd deltok i ei spørjeundersøking hausten 2023. Dette engasjementet har vore avgjerande for å stake ut kursen vidare.

Strategiplanen byggjer på verdiane våre – stolt, audmjuk og inkluderande – og har ei tydeleg retning:

  • Vi skal vere ein berekraftig klubb med solid økonomi
  • Vi skal vere ein tydeleg samfunnsaktør i Ulstein og på Søre Sunnmøre
  • Vi skal utvikle spelarar og menneske – flest mogleg, lengst mogleg og best mogleg
  • Vi skal etablere oss som ein aktør i norsk toppfotball
  • Nummer 2 klubb på Sunnmøre på kvinnesida

Tusen takk til alle som har bidrege i prosessen. No startar det viktigaste arbeidet – å gjere planen levande i kvardagen. Fotballstyret og administrasjonen ser fram til å gjere det saman med dykk.

Les heile strategiplanen her!

Annonse fra Obos-ligaen: