Storkamp på Høddvoll

Søndag kjem Molde til Høddvoll for å spele andre runde i NM. Det blir siste heimekamp i «vårsesongen».

Hødd har hatt ein hittil god vårsesong med 21 poeng på ni kampar i serien. Dermed er laget på 2. plass før toppoppgjeret mot Kongsvinger på onsdag. Men før det er det klart for cupkamp på Høddvoll, og det er ingen andre enn Norges beste lag som kjem på besøk.

Molde leiar per dags dato Eliteserien med heile fem poeng og har berre tapt to kampar i serien denne sesongen. I tillegg tok dei seg vidare i Europa Conference League-kvalifisering så seint som torsdag, så at Hødd møter ein tøff motstandar er det ingen tvil om.

I første runde tok Hødd seg greitt vidare med 3-0-siger over Herd, medan søndagens motstandar også møtte eit «bya»-lag. Dei slo Spjelkavik 4-1 på bortebane. Andre runde går søndag 16.00.

Har ikkje du sikra deg billett enno? Det kan du ordne her.

Nesten avansement sist
Sist laga møttest var tilbake i 2017, då også i NM. Då tapte Hødd knepent 2-1 etter å ha leia 1-0. Av spelarane som var i troppa då, er det berre Ole-Monrad Alme, Eirik Franke Saunes og Bendik Rise som er att i Hødd-troppa til søndag. Også Molde har hatt mange utskiftningar, men blant dei som også spelte sist er tidlegare Hødd-spelar Fredrik Aursnes. Han er etter alt å dømme også med på søndag.

Vi gler oss til kampen, og håper sjølsagt du kjem på Høddvoll for å støtte våre blåkvite. I tillegg nyttar vi høve til å minne om corona-reglane som gjeld, spesielt slik situasjonen er på våre kantar no.

Vel møtt og god kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: