Stolte jenter i fokus

75 jenter frå Hødd og naboklubbane deltok på Sparebanken Møre sin fotballskule onsdag!

I 2024 starta Hødd fleire nye prosjekt og samlinga der klubben ønsker å rette ekstra lys på og rundt jentefotballen. Våren 2024 hadde vi vår første "Fleire Jenter" samling på tvers av laga i klubben, og hausten 2024 hadde vi ei fagsamling for foreldre og trenere med superflinke Gunnvor Halmøy.

Onsdag 30 april var det oppstart på 2025 sitt første prosjekt i lag med Sparebanken Møre, og for ein kveld det blei! 🌟

"Vær stolt av å være fotballspelar" var eit av bodskapa til tidlegare landslagsspelarane og profilane Erika Skarbø og Jan Åge Fjørtoft når dei snakka til dei 75 frammøtte jentene på onsdagens samling på Høddvoll. 🏅

Stolt er eit av Hødd sine verdiar, og derfor var det ekstra kjekt å sjå dei stolte jentene som onsdag fekk litt ekstra merksemd i samband med fotballskulen til Sparebanken Møre og Jan Åge Fjørtoft. 💙

Jan Åge og Erika delte både fotballkunnskap og ikkje minst mange kloke ord og gav stoltheit til dei frammøtte.

Eg synest faktisk alle blei nokre cm høgare frå vi møttest i storsalen til dei gjekk heim etter is og avslutning oppe i Ulsmohallen.
Stolte og flinke jenter! 🌟

Hødd fotball har dei siste åra jobba bevisst med å styrke talet på jenter i fotballen. Eit ekstra fokus på oppstarten og spesielt barnehagefotballprosjektet har gitt effekt, og det er derfor veldig gledeleg å sjå at vi ein onsdag kan samle 75 jenter frå Hødd og naboklubbar til fotballskule. Vi har frå 2022 til i dag hatt ein vekst på 30 % fleire jenter i alderen 6-12 år som spelar fotball i Hødd.

Dette er en ekstremt viktig forutsetning for det som skal skje framover, klubben ønskjer å ta neste steg og er no betre rigga for dette. Stay tuned! 😊

Tusen takk til Sparebanken Møre, Jan Åge Fjørtoft, Erika Skarbø og alle flinke instruktørar frå Hødd A-lag damer og J16! 🙌

Liten, men STOR 💙
 

Annonse fra Obos-ligaen: