Sterk siger i treningskampen borte mot Molde FK

I dag spelte Molde FK og Hødd treningskamp på Aker Stadion, og Hødd vann til slutt 1-0 etter ein godt gjennomført kamp mot fjorårets vinnar av Eliteserien!

Etter mykje godt å ta med seg frå 2-0 sigeren over Sogndal sist, så var det vinnaren av Eliteserien 2022, Molde FK som var motstandar i dagens treningskamp på Aker Stadion.

Hødd var svært gode i store delar av kampen og slapp heimelaget til svært lite sjansar. Defensivt var Hødd-laget gode til å forsvare seg og var aggressive i presset. Dette stressa mykje heimelaget som ikkje fekk det til å stemme offensivt. 

Offensivt var også Hødd-laget gode og var nærmare scoring nr. 2 enn det heimelaget var å utlikne. At det var divisjonsforskjell skulle ein ikkje tru i dagens treningskamp.

Målet til Hødd kom etter eit godt innlegg frå Peder Nersveen mot motsatt back, Rasmus Bonde som på akrobatisk vis satte inn 1-0 til Hødd. 

Ein solid kamp av Hødd og dette lovar godt når knappe 3 veker står igjen før laget tek imot Raufoss heime i OBOS-ligaen i første serierunde måndag 10. april!

Kjøp sesongkort!

 

Ein svært godt fornøgd hovudtrenar tok ein prat med oss etter kampen:

- Vi er godt fornøgde med ein tøff kamp i dag. Sjølv om det er treningskamp, så er det høgt tenningsnivå og bra nivå på mykje av det som skjer. Vi blir testa på struktur og planar defensivt, men gjer ein meget bra kamp i forsvar. I tillegg klarer vi spesielt i andre omgang å skape nokre gode målsjansar. Mykje bra å bygge vidare på!

Annonse: