Sterk innsats i eliteturnering i Bergen

Hødd G12 Elite leverte ei svært sterk helg då laget deltok på NTF si eliteturnering i Bergen 14.–16. august. Etter tre strake sigrar tok dei blåkvite seg heilt til finalen, der arrangør Brann til slutt blei akkurat litt for sterke.

Annonse:

NTF sine eliteturneringar samlar akademilag frå klubbar i norsk toppfotball og gir unge spelarar høve til å måle krefter mot nokre av dei beste laga i landet i si aldersklasse.

Denne gongen var det 2014-kullet som stod for tur, og Hødd-gutane viste frå første kamp at dei hadde mykje å fare med.

Full pott laurdag

Laurdagen opna Hødd med ein sterk 2–0-siger mot KFUM Oslo, før Kongsvinger blei slått heile 4–0 i den andre kampen. Dermed stod Hødd med full pott etter gruppespelet og sikra seg plass i semifinalen søndag.

Men eliteturneringane handlar om meir enn berre det som skjer ute på bana. For spelarane blei helga også ei sosial oppleving, med hotellovernatting, mykje latter og tid saman som lag.

Søndag venta Sogndal i semifinalen. Det blei ein jamnare kamp enn dei to første, men Hødd heldt fram det gode spelet og vann 5–3.

Dermed var dei blåkvite klare for finale.

Gav Brann tøff kamp i finalen

I den andre semifinalen slo Brann Viking 2–1, og dermed var det duka for finale mellom Hødd og arrangørklubben.

Brann er rekna som ein av dei sterkaste klubbane i landet i desse aldersklassane og gjekk inn i finalen som favoritt. Hødd-gutane let seg likevel ikkje skremme.

Dei blåkvite tok leiinga både 1–0 og 2–1 og var lenge på veg mot ein svært sterk finaletriumf. Mot slutten klarte Brann å snu kampen og sikre sigeren.

Sjølv om skuffelsen naturleg nok var stor rett etter kampslutt, kunne Hødd-gutane sjå tilbake på ei svært imponerande helg. Laget hadde berre gjennomført to treningar saman før turneringa, medan fleire av motstandarane trenar saman regelmessig gjennom året.

– Viser at vi kan hamle opp med dei aller fleste

Trenar Benjamin Soløy Kaldhol var svært godt nøgd med det spelarane viste gjennom helga.

– Desse turneringane er eit av høgdepunkta mine gjennom året, og denne helga var absolutt ikkje noko unntak. Dette er ei utruleg solid og spennande gruppe som jobba ekstremt godt saman, seier Kaldhol.

Han meiner turneringa gav spelarane ei svært god stadfesting på nivået dei held.

– Gutane viser at når vi jobbar saman, kan vi hamle opp med dei aller fleste i Noreg. Det er ein kjempereferanse for spelarane å få kjenne på korleis nivået er nasjonalt, samtidig som dette er ei veldig fin oppleving sosialt for gruppa.

No ventar kvardagen og vidare utvikling for 2014-kullet.

– No er vi tilbake i kvardagen og skal halde fram med å utvikle oss og bli endå betre fram mot nye turneringar neste år, avsluttar Kaldhol.

Hødd takkar spelarane og foreldra for ei strålande og knirkefri helg med mange gode opplevingar både på og utanfor bana. Samtidig rettar vi ein stor takk til naboklubbane.

Spelarane som representerte Hødd i Bergen

Troppen bestod av spelarar frå Hødd og fleire av våre gode naboklubbar i regionen:

  • Hødd: Sverre Kaldhol Remøy og Magnus Skarbø Sundgot
  • Hasundgot: Ludvig Viseth og Oscar Sundgot
  • Hareid: Dimitro Slisarenko og Ailo Hansrud
  • Ørsta: Håkon L. Vartdal og William A. Stranden
  • Bergsøy: Denis Katilevicius
  • Volda: Jesper Sjåstad Åsebø
  • Måløy: Benjamin Blålid
  • Sandane: Ulrik Øygard, Abel Jlaka og Gard Walseth

Vi rettar ein stor takk til alle klubbane for godt samarbeid og for at spelarane fekk moglegheita til å representere Hødd i eliteturneringa.

Annonse fra Obos-ligaen: