Sterk bortesiger på Bislett – Hødd vann 4–1 mot Lyn
Hødd tok med seg tre svært viktige poeng frå Bislett etter ein sterk 4–1-siger over Lyn laurdag ettermiddag. Toppfotball Video
Det var likevel heimelaget som opna kampen best. Lyn sette Hødd under press frå start og skapte fleire store sjansar i opningsminutta, men Thomas Kinn leverte fleire meisterlege redningar og heldt oss inne i kampen då det verkeleg stod på.
Etter kvart fekk vi betre kontroll på spelet, og etter 17 minutt kom leiarmålet. Cameron Streete satte fart framover med to Lyn-spelarar rundt seg. Ingen av dei klarte å holde følge med Streete, og han var sikker då han sette inn 1–0 aleine mot keeper. Gleda vart kortvarig då Lyn utlikna berre tre minutt seinare på straffespark, men Hødd heldt fram med å stå godt imot og vere farlege på kontringar.
Midtvegs i omgangen tok vi tilbake leiinga. Isak Skotheim fann Villum Dalsgaard med ei flott pasning, og dansken gjorde ingen feil då han sende oss opp i 2–1 med ei kontant avslutning. Det resultatet stod seg til pause.
Den andre omgangen kunne knapt fått ein betre start. Berre to minutt etter avspark var Cameron Streete igjen på farta og dobla leiinga til 3–1. Målet gav oss eit solid grep om kampen, og vi heldt fram med å vere både disiplinerte bakover og farlege framover.
Elleve minutt før full tid kom den endelege avgjerda. Etter eit godt Hødd-angrep sette Isak Skotheim inn 4–1 og punkterte kampen.
Med to mål frå Cameron Streete og scoringar frå Villum Dalsgaard og Isak Skotheim kunne vi til slutt juble for ein fortent 4–1-siger på Bislett. Ein sterk lagprestasjon, god effektivitet framfor mål og fleire avgjerande redningar frå Thomas Kinn la grunnlaget for tre velfortente poeng.
Sjå høgdepunkta frå kampen på Bislett Stadion her: