Sterk bortesiger i toppkampen

Hødd damelag tok ein sterk bortesiger mot Volda onsdag kveld og har no ein gyllen muligheit til å vinne avdelinga.

Hødd damelag leiar no avdelinga med 3 poeng mot opprykkrival Volda, og i tillegg har Hødd ein kamp mindre spelt. Med siger i hengekampen kan Hødd få eit forsprang på heile 6 poeng!

Volda tok først leiinga 1-0 etter skoring av Mari Nedrelid Heggen. Dette resultatet sto seg også til pause.

Etter pause skulle det gå bedre for Hødd damene. Først heada kaptein i kampen, Caroline Overvåg inn 1-1 etter eit frispark frå Ragnhild Ertesvåg. Like før slutt avgjorde Anna Nygård Thunem med si 1-2 skoring. 

Ingen av laga makta å skore etter dette og Hødd damene kunne juble for siger og tabelltopp etter kampen!

Vi gratulerer laget med ein flott innsats og siger mot Volda!

Bileter frå kampen (FOTO: NICHOLAS NORENG)

Annonse fra Obos-ligaen: