Sponsorcup 2024

Hødd Fotball ønskjer alle lag hjarteleg velkomne til årets Sponsorcup!

Den tradisjonsrike og prestisjetunge turneringa mellom lokale bedrifter blir i år arrangert i Ulsmohallen over tre helger. Siste turneringshelga blir avslutta med bankett på Brygga Sportsbar og ein kjekke kveld med premieutdeling og i godt sosialt lag.

Entec Group er regjerande meister av Sponsorcup – men alt kan skje og kanskje er det din bedrift som vinne årets trofeet!

Bli med på årets happening!

Turneringsdato

Runde 1: 27.04.24

Runde 2: 28.09.24

Runde 3: 02.11.24 (Sluttspel) 

Påmelding

Påmelding til Sebastian M. Kleven [email protected].

Påmeldingsfrist: 05.04.24

Alle som har tilknyting til bedrifta kan stille på laget og vi oppmoda både damer og herrar å vere med. Det er også mogleg å melde på så mange lag som mogleg.

Det blir ikkje stilt krav til fotballferdigheit, og vi håpar flest mogleg blir med! Dette skal vere ein kjekke dag for bedriftene som deltek og tilskodarane som er med å heiar fram sine lag.

Vi håper å sjå tilsette, styremedlemar og eigarar på årets Sponsorcup.

Pris

Lagsavgift kr. 15 000,- pr. lag. I tillegg til påmeldingsavgifta er det inkludert:

  • Foredrag med hovudtrenar Marius Bøe.
  • Treningsøkt med to av A-spelarane før første turneringshelg.

Bankett på Brygga Sportsbar på kr. 150 pr. pers kjem i tillegg til påmeldingsavgifta.

  • Burgermeny (baconburger + chips) og 1 drikkeeining pr. pers.

Mat og drikke utover dette blir kjøpt av den enkelte.

Faktura blir sendt ut i etterkant av turneringa.

Forsikring

Det er lagets eige ansvar å sørge for at spelarane er forsikra.

Premier

Vi premierer følgjande:

  • Premie til dei tre beste laga
  • Premie til beste show
  • Premie til laget med kulast drakter
  • Toppscorar
  • Turneringa sin beste spelar

Premieutdeling vil som nemnt gå føre seg på Brygga Sportsbar på kvelden etter arrangementet.

Kiosk

Det blir open kiosk under turneringa og her kan ein kjøpe seg både mat og drikke.

Reglar

Sjå reglar her!

Kontaktinfo

For spørsmål, ta kontakt med Marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André A. Gardshol på telefon 99 54 21 59 eller e-post: [email protected].

Eller student i Hødd Fotball, Sebastian M. Kleven på telefon 46 96 08 19 eller e-post: [email protected]

Vi gleda oss, og håpar dykk vil bli med på årets happening!

Annonse: