Spenninga lever altså i beste velgåande!

Hovudtrenar Ronny Osnes deler sine tankar før bortekampen mot Molde laurdag!

Då er det ny kamphelg, og borteturar til Molde. Forrige kamp var borte mot Kristiansund, og det vart ein sliteseier 1-0 - enkelte sjeler tenker slike tre poeng er dei beste. Vi tok dei i alle fall med i bussen heim! 

Etter ei frihelg så er det altså ny busstur. No borte mot Molde. Litt av spenninga her er kva lag dei stiller med. Slik er det å møte andrelaga. Førstelaga har kampfri helg, så who knows.....I dei to føregåande møta mot Molde har vi vunne 1-0 og 4-0, så å repetere desse tek vi imot.

Vi har hatt ei god treningsveke der vi har fått bygge opp spelet og pasningsspel som tema. Det syns eg har vore nyttig, og håper å sjå igjen mot Molde laurdag. Vi har ikkje tapt på 117 dagar, og det er ei rekke dagar vi skal gjere alt for å fortsette - bank i bordet! Det vitnar om sterk kultur og vilje i spelargruppa, der basis er at vi forsvarar oss godt og samtidig er skapande i angrepsspelet. Dermed verkar det som vi ikkje har svekka oss resultatmessig, trass i at fleire «faste» har reist på studiar no til hausten. Til no så har vi levert dei beste resultata på fleire sesongar, og det er både svært bra og kjekt - men vi skal vere svoltne på meir!» 

Ragnhild har scora 10 mål til no, og huskar eg rett så er det ei stund sidan nokon av oss har bikka 10 seriemål - men eg reknar med både ho og andre er svoltne på fleire scoringar. Angrepstrenar Reidar har mål om at vi skal bikke over 3 mål pr kamp, og er pr no på 2,9 «og noke» som han seier. Så klarer vi auke snittet i denne kampen, så er moglegheitene for heimreise med 3 poeng gode. 

Tabellen viser at AaFK har fire poeng på oss, og vi må gjere alt i vår makt for å henge på til vi møter dei om nokre veker. Spenninga lever altså i beste velgåande! Spennande er det også at vi sannsynlegvis får ein spelar som debuterer i Hødd-drakta. Det skal bli kult å sjå Vibeke på bana, etter ho har vore skada snart eit år. 

Eg er sterk i trua, og gleder meg til kamp mot Molde denne helga.

Annonse fra Obos-ligaen: