Sparebanken Møre spanderer – gratis for alle under 18 år!
Tysdag 20. oktober kl. 18:00 møter Hødd Kvinner Toppserielaget AaFK i NM på Høddvoll. Generalsponsor og kampsponsor Sparebanken Møre spanderer kampbillettane til alle barn og unge under 18 år! Hødd Kvinner Billettar og kampdagsinfo
Hødd mot AaFK. Eit lokaloppgjer der damelaget vårt skal utfordre eit lag frå øvste nivå i norsk kvinnefotball – og ein cupkveld vi ønsker å dele med så mange som mogleg!
Med Sparebanken Møre på laget kan alle under 18 år oppleve kampen gratis. Ta med lagkameratane, venene og familien, og bli med på å fylle tribunen for jente- og damefotballen!
Hugs å hente ut gratisbilletten
Alle som skal inn på stadion, må ha gyldig kampbillett. Dette gjeld også barn og unge som har gratis inngang.
Slik hentar du ut billett:
- Gå til billettsalet via lenkja under.
- Vel billettypen «SBM Barn U18 år».
- Fullfør bestillinga og ha billetten klar ved inngangen.
Hent gratisbillett eller kjøp kampbillett her
For vaksne frå 18 år kostar kampbilletten 100 kr. Berre hovudtribuna er open til denne kampen.
Saman for jente- og damefotballen
Støtta frå Sparebanken Møre gjer det mogleg å invitere barn og unge til cupkamp utan at billettprisen står i vegen. Vi håper både Hødd-lag og naboklubbar nyttar høvet til å samle spelarane til ei felles fotballoppleving.
Tusen takk til generalsponsor og kampsponsor Sparebanken Møre som spanderer billettane og bidreg til å løfte jente- og damefotballen!
No treng vi di støtte frå tribunen. Ta på deg noko blått og bli med på cupfesten!
Hødd Kvinner–AaFK | NM
Tysdag 20. oktober på Høddvoll
Fanzone frå kl. 17:00 | Kampstart kl. 18:00
Sikre deg billett til cupfesten her!
